Nyhetsartikkel

Kronikk: Einsidigheitslina i norsk fotball

Etter kvinnelandslaget sine null mål og null sigrar i EM i sommar - og dei manglande fysiske ressursane til herrelaget som tapte 0-6 mot Tyskland - synest det ikkje som NFF si spesialiseringsline har gjeve betre resultat enn den tidlegare meir allsidige, skriver kronikkforfatter Ola Bergheim.

Artikkelforfattaren etterlyser meir allsidig trening og bakgrunn blant norske fotballspillere.

Kronikk

Min gamle gymlærar var blant fylket og Vestlandet sine beste både i fotball, friidrett og turn.
Eg reknar vel med det berømte "bronselaget" som slo Tyskland i OL 1936 og hadde rimeleg allsidig bakgrunn.
Medan det såg heller dårleg ut med grunnfysikken til herrelaget mot Tyskland i forrige veke:

"– Det ser ut som vi løper med blylodd rundt beina, mens tyskerne løper fjærlett utpå her, kommenterte NRK-ekspert Karl Petter Løken."
https://www.nrk.no/.../norge-ydmyket-av-tyskland_-_-trist-og-...

Dagbladet:
" Det handler vel delvis om innstilling, men kanskje mer om at vi ikke tar avgjørelser raskt nok, og at vi ikke forflytter oss raskt nok. Sammenliknet med Tyskland så jogger vi i mange situasjoner.
- Man snakker mye i Norge om forskjellige spillertyper, men har man ikke denne «poweren», som handler om fysikk, besluttsomhet og forflytning, så har man ingen mulighet mot lag som Tyskland. Vi må opp på den biten, men også gjøre en bedre laginnsats, sa Lagerbäck."
https://www.dagbladet.no/.../tysk-tv-totalslaktet-no.../68662750

For ein 2-3 år sidan var eg på eit seminar i Sogndal og høyrde Sogndal sin fysiske trenar latterleggjere dei eliteserielaga som hadde leigt inn sprinttrenarar frå friidrett som håplaust gamaldagse. Fotballsprint var så spesifikk at det hadde ingen verdi....
Eg refererte dette til ein sprintar eg visste hadde trena Sogndal for ein del år sidan.
Han fnyste og sa at Sogndal ifylgje dei sjølve aldri hadde vore så raske som det året han trena dei...

Melissa Wiik er av dei tidlegare landslagsutøvarane som har framheva verdien av turn og allsidigheit
https://www.aftenbladet.no/.../Melissa-Wiik-bruker-mamma-60-s...
Eg var ikkje klar over kor ekstrem spesialisering NFF no køyrer før eg såg opptak frå ein barnefotballskonferanse. Der Melissa gjekk opp på talarstolen og sa at ho meinte ho som landslagsspelar hadde hatt god nytte av sin turnbakgrunn frå barndommen. Og fekk kontant svar frå Dan Eggen i panelet - seksjonsleiar for trenarutvikling i NFF https://www.fotball.no/.../sportsavd.../seksjon-trenerutdanning/ at ho ville blitt ein betre fotballspelar om ho ikkje hadde drive turn...

Etter kvinnelaget sine null mål og null sigrar i EM i sommar - og kommentarane ovanfor om dei manglande fysiske ressursane til herrelaget som tapte 0-6 mot Tyskland i går - synest det i alle fall ikkje som NFF si spesialiseringsline har gjeve betre resultat enn den tidlegare meir allsidige...

Langrennsløparane har drive meir turn siste åra og er i verdstoppen
https://www.dagbladet.no/.../her-foler-rasterke-alsg.../63373798
Noreg sin fremste unge symjar skal fylgje Alexander Dale Oen sitt føredøme og drive meir turn
https://www.aftenposten.no/.../Na-gjor-Christiansen-som-Dale-...
Det er velkjent at OL-vinnar Andreas Thorkildsen hadde "turn som del av jobben" som spydkastar og at han no er turntrenar for Karsten Warholm
http://www.vg.no/.../hekke-warholm-trener-turning.../a/23867398/
Vektløfting i USA er no endeleg i verdstoppen - etter å ha satsa på utøvarar med turnbakgrunn
https://www.facebook.com/groups/650315408444536/permalink/997232487086158/

Ei rask googling på kombinasjonen turn-fotball kjem ikkje opp med anna enn Kim Holmen for 10 år sidan - lynhurtig turnar som ved overgang til senior fann ut at vegen til internasjonal turntopp var for lang - og gjekk over til fotball.
Hugsar det var artig både å sjå hurtigheita og turnkombinasjonane hans etter skåring på fotballbana.

Så når no einsidigheitslina i norsk fotball bokstavleg tala gjev null skåringar og null poeng både på kvinne- og herresida - kvifor ikkje då la ungane drive også litt friidrett og turn og ski og vektløfting og symjing og andre idrettar - kan i alle fall ikkje bli mindre mål og poeng enn no - og i alle fall kjekkare å sjå litt topp uthald og styrke og fart og kroppskontroll og akrobatikk på grasmatta av og til!